Sjå www.storehestenopp.no for påmelding og praktisk informasjon.

Storehesten Opp 30.juni 2012

Dato for neste års arrangement er laurdag 30.juni 2012. Vi startar påmelding kring juletider. Ver klar!

Storehesten Opp 26. juni 2010

Set av helga 25.-27.juni 2010 allereie no. 26. juni går motbakkeløpet Storehesten Opp av stabelen, og vi kjem med fleire nyhende og oppdatert informasjon på nyåret. Påmelding startar på hovudsida www.storehestenopp.no i månadsskiftet januar/februar.

Vi vil ynskje alle nye og “gamle” deltakarar velkomne til nytt løp i 2010!

God jul og godt nyttår!

Den maleriske Storehesten

Var innom ei flott utstilling på Osen gard i Bygstad i går. Der var det eit fantastisk flott maleri av Storehesten, – malt av Lothe.
Eg vil tru at det fins 10, ja kanskje hundre, ja kanskje tusen maleri av Storehesten. Har du eit maleri ?
Ta eit bilde av det, send det hit og oppgi kven som har malt det, og kven som eig maleriet
F.eks veit eg at Quality Førde hotell har eit kjempestort maleri av Storhesten, – det hadde vore artig å visst historia til det bildet.
Kanskje vi skal opne ei kunstutstilling via Storehesten ?
Og husk her skil vi ikkje mellom gammal og ung eller mellom proff og amatør.

Storehesten — Malt av Gunn Njøsen Nedrebø, Bygstad i 2008.
Ruth Solveig Årthun Bergane frå Matre eig bildet.

Storehesten Opp til neste år!!

Eg vil informere om at neste år – Storehesten Opp må dåke frakte opp eit Toalett opp på toppen av Storehesten..Det var så mange som måtte gå bak om og ned i holer…

Skryt til dugnadsgjengen!

Det var en fantastisk dag forrige lørdag på Storehesten Opp! Været var perfekt, det var masse blide folk og ikke minst – løypen har blitt utrolig bra!
Tusen takk til dugnadsgjengen som har fikset og tilrettelagt løypen med store heller på strategiske steder så det går an å komme seg tørrskodd (nesten) opp på toppen av Storehesten :-)
Gleder meg allerede til neste tur!

Kjempestemning på Storehesten!

1400 turglade folk var med og laga høg stemning på Storehesten laurdag. Som konkurranseløpar var det fantastisk å verte heia fram heile vegen. Her kjem nokre glimt frå dagen (foto: Beate Katrin S. Røysland).

John Mnangat Sompol frå Barakarunner/Kenya sette ny rekord på eventyrlege 1.04 og vann herreklassa.

Sindre Hoff frå Viksdalen vart beste nordmann og persa med 1 min.

Airlift stilte med helikopter.

Mange vart frista til ein dukkert i varmen. Stian Lunde trengte også nedkjøling.

Storehesten opp 27. juni 2009

1400 var på Storehesten Opp 27. juni 09

Fantastiskt ver og flotte løyper! Det var moro å gå/jogge i snø.

  • 25.06.2009 — Drikke posten på toppen lander.
  • 25.06.2009 — Ferdig.
  • 25.06.2009 — Klar til avreise
  • 25.06.2009 — Lavoane sett frå vest
  • 25.06.2009 — Wc på plass ved Vardehaugane

Lars Petter Kapstad(bilde), Per Ivar Kleppe(bilde) og Ole Johnny Kapstad venter på det første hivet v/Vardehaugane.

Bilete frå merking av løypa

No er løypa straks klar til løpet laurdag. Vi har hatt for vane å merke med oransje tau langs løypa, og dette vert også gjort i år. Til løpsdagen er ein klare med taumerking frå Kårstadskaret til toppen. Bileta er tatt av Jeanette Haugsbø då ho, André Haugsbø og Sindre Hoff la ut ein del av taua i går.

Storehesten Opp

Følgt av 21 medlemmar.

Storehesten Opp er eit motbakkeløp som vart arrangert for første gong i 2006. Gaular Idrettslag står som arrangør av løpet i nært samarbeid med grunneigarar i området. Ei mengd frivillege, kommunen, lag og organisasjonar legg til rette for arrangementet.

Løpet og fjellturen er lagt opp både for konkurransedeltakarar, mosjonistar og funksjonshemma. Norges Friidrettsforbund har utarbeidd tekniske retningsliner for motbakkeløp i Norge. Konkurransetraseen i Storehesten Opp ligg innafor desse retningslinene.

Visjonen kring Storehesten Opp er å marknadsføre og gjere betre tilgjengeleg den fantastiske og heilt spesielle naturen i denne delen av Sunnfjord, like ved dørstokken til Førde by.

Følg med på sona for oppdatert informasjon om vertilhøve, forholda i trasèen og nye bilete. Meir om sona

Origo Storehesten Opp er ei sone på Origo. Les meir
Annonse

Nye bilder